Her er me
I HEIMBYGD kan me foto, skjerm og ord, og har alle erfaring frå å starta og driva eigen bedrift. Me har i mange år jobba på kvar vår tue, og sakna eit kollegafellesskap og nokon å samarbeida kreativt med. I løpet av 2025 blei HEIMBYGD skapt, eit digitalt markedsføringsbyrå med base i bygdene i Vaksdal. Og no i 2026 lanserer me nettsida og tenestene våre!
Noko av styrken vår er at me kjem som ei pakke, som saman dekkar mange kompetanseområde. Monica tek profesjonelle foto med blikk for det særprega og nære. Kristin skriv enkle tekstar med klart språk, som treffer der dei skal. Ingvild byggjer vakre og brukarvenlege nettsider.
Saman utfordrar og heiar me på kvarandre, slik at resultatet blir ekstra godt.
Møt Monica
Monica er breidt utdanna som fotograf og kunstnar, og har undervist i foto ved blant anna University of the Arts London, London College of Communication. Ho er anerkjent med fleire prisar og stipend, og har hatt fleire utstillingar. Ho jobbar også som kurator, og kunstfaglig rådgjevar for kunst i offentleg rom, og er leiar for eit galleri i Bergen. Og med base på Dale, jobbar ho med fleire andre prosjekt rundt i landet.
Spør du ho kven ho er, vil ho nok mest fortelja at ho er ei travel småbornsmor frå Dale, og veldig glad i heimstaden sin. Og ho brenn for kreative prosjekt. Så glad at ho er med på dette prosjektet, for å lyfta fram andre driftige folk gjennom kameralinsa slik berre ho kan.
Møt Kristin
Kristin er utdanna pedagog og veiledar, og har alltid vore glad i å skriva. Ho er oppteken av å finna dei enkle orda som når «rett inn» utan for mykje utanomsnakk. I mange år har ho skrive tekstar og delt i sosiale media, der etter kvart mange fylgjer og set pris på orda hennar.
I seinare tid har dette vorte til bedrifta «Berrekristin», der ho har gjeve ut fem diktbøker og sel produkt med eigne tekstar på. Kristin har stort hjarte for bygdene, og ser kor mykje godt og interessant som bur i alle menneska her. Det finaste ho veit er å hjelpa andre å finna dei riktige orda i ulike situasjonar.
Møt Ingvild
Ingvild har utdanning innan digital markedsføring, med lang erfaring frå hotellbransjen, der marknadsføring og prosjektleiing har vore sentralt i arbeidet hennar. Sidan har ho vore dagleg leiar for ein netthandel, og har jobba med nettsida til Dale of Norway. No er Ingvild i oppstarten av bedrifta Vetlo AS samt at ho jobbar i ei prosjektstilling for Voss Næringsråd.
På privaten er ho ei omsorgsfull småbornsmor med mange jern i elden. Når ho er på saka, blir ting gjort effektivt og skikkeleg. Som innflyttar i bygda Stanghelle har ho fleire gongar blitt overraska over kor mange grunderar som finst rundt i bygdene, utan at så mange veit om dei.